Spør KI-samtaleroboten vår

Innovasjonsprosjekt i offentleg sektor

Eit innovasjonsprosjekt i offentleg sektor skal bidra til at offentleg sektor innoverer tenester, infrastruktur og forvaltning på ein berekraftig, systematisk og effektiv måte. Prosjekta blir gjennomførte i samarbeid med FoU-miljø og andre relevante aktørar.

Kva er målet med innovasjonsprosjekt i offentleg sektor?

Innovasjonsprosjekt i offentleg sektor skal bidra til samarbeid mellom verksemder i offentleg sektor og forskarar for å auke den kunnskapsbaserte omstillinga av samfunnet.

Prosjekta skal ta utgangspunkt i offentleg sektors behov og utfordringar. Prosjekta skal inngå i planane for dei offentlege verksemdene for utvikling.

Samarbeid mellom forskarar og offentleg sektor løftar kvaliteten på innovasjonane, fører til at ein større del av prosjekta blir realisert, aukar tilfredsheita blant dei tilsette og hevar kompetansen til alle involverte.

Dette er innovasjonsprosjekt i offentleg sektor (video)

Når kan du søkje?

Vi lyser vanlegvis ut støtte til innovasjonsprosjekt i offentleg sektor årleg med søknadsfrist i september. Desse utlysingane blir publiserte på nettsidene i løpet av våren same år. Abonner på nyheitsbrevet vårt for å halde deg oppdatert om utlysingane våre.

Kva meiner vi med innovasjon?

Innovasjonar forstår vi her som nye eller vesentleg forbetra varer, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer eller konsept som blir tatte i bruk for å oppnå verdiskaping og samfunnsnytte.

Kven kan søkje?

Einingar i offentleg sektor, samanslutningar av slike og organisasjonar som representerer offentleg sektor, kan søkje. Eventuelle unntak frå dette vil vere spesifisert i utlysinga. 

Sjå definisjon av offentleg sektor.

Kva kan du søkje om støtte til?

Forskingsrådets støtte til innovasjon i offentleg sektor gjeld FoU-aktivitetar.

I prosjektskildringa skal du også beskrive andre aktivitetar og tiltak som er nødvendige for å realisere innovasjonen, men vi finansierer ikkje kostnader til dette. Relevante prosjektkostnader er personalkostnader, eventuelle kostnader til stipendiatar og direkte prosjektutgifter.

Aktuelle temaområde

Vi støttar innovasjonsprosjekt innan ei rekkje ulike tema. Dei siste åra har vi blant anna støtta prosjekt innanfor:

  • helsetenester
  • arbeids- og velferdstenester
  • omsorgstenester
  • barnevern
  • utdanning
  • transport og mobilitet
  • digitalisering
  • bioøkonomi
  • byplanlegging
  • tryggleik
  • ung utanforskap 

I tillegg har vi ofte ein open pott til innovasjon i kommunar og fylkeskommunar. Vi støttar også ein type innovative innkjøp som heiter førkommersielle innkjøp.

Forskingsrådets rolle

Vi har ansvaret for å mobilisere forskingsmiljø, næringsliv og offentlege aktørar til å engasjere seg i kunnskapsutvikling og omstilling i offentleg sektor. Vi skal sørgje for at relevant forsking blir utvikla og blir gjort tilgjengeleg, slik at kunnskapen kjem samfunnet til gode.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. desember 2024, kl. 15.38 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.