Førkommersiell anskaffing
Ei førkommersiell anskaffing er eit kjøp av forsking og utvikling som blir brukt for å utvikle innovasjonar offentleg sektor treng.
Søkjarwebinar
Her kan du sjå opptak frå fjorårets webinar om utlysinga av Førkommersielle anskaffingar: Hva er en førkommersiell anskaffelse og hvordan kan jeg søke om støtte?.
Få ei innføring i førkommersielle anskaffingar (videoar)
- Dette er førkommersielle anskaffelser (video)
- Slik kommer du i gang med en førkommersiell anskaffelse (video)
- Slik gjennomfører du en førkommersiell anskaffelse (video)
Korleis fungerer førkommersielle anskaffingar?
Prosessen er organisert som ein utviklingskonkurranse, der offentlege verksemder beskriv behova sine og bedrifter og forskingsorganisasjonar konkurrer om å skape dei beste løysingane.
Metoden er unntatt frå vanlege reglar om offentlege innkjøp etter FoU-unntaket i anskaffelsesforskriftens § 2-5.
Førebuingar (forprosjekt)
Prosessen startar med dei førebuande aktivitetane behovsavklaring og marknadsdialog.
Behovsavklaringa er ein grundig analyse av behovet. Ho skal gi ei velgrunna og detaljert forståing av kva verksemda treng, kva dette vil bidra til og kor utbreidd behovet er. Dette skal så gjere det mogleg å beskrive for aktuelle leverandørar kva funksjonar og eigenskapar nye innovasjonar må ha og kor stort marknaden vil vere.
Marknadsdialogen handlar om kommunikasjon med bedrifter og forskingsmiljø som kan vere aktuelle leverandørar i hovudprosjektet. Denne skal avklare om det er mogleg å utvikle innovasjonar som dekkjer behovet, kva dette vil krevje og om det finst mange som ønskjer å prøve på det same.
Viss resultata frå desse aktivitetane viser at det er mogleg å skape eigna innovasjonar gjennom forsking og utvikling, og at mange verksemder ønskjer å prøve, kan det gjennomførast ein førkommersiell anskaffing.
Førkommersiell anskaffing (hovudprosjekt)
Den førkommersielle anskaffinga startar med at det blir utarbeidd eit konkurransegrunnlag. I dette skal de beskrive kva funksjonar og kvalitetar ein eigna innovasjon må ha, korleis de vil vurdere tilbod, kor mykje de maksimalt kan betale og korleis prosessen vil gå føre seg. Deretter blir dette lyst ut og marknaden blir oppmoda til å levere tilbod.
Når de har vurdert alle tilboda blir det inngått kontrakt med fleire leverandørar om å kjøpe utviklinga av innovasjonane deira. Desse konkurrerer med kvarandre i tre utviklingsfasar:
- design og konseptfase
- prototypefase
- testfase
Etter kvar fase blir utviklinga evaluert og talet på leverandørar kan reduserast, slik at det berre er to leverandørar som får testa innovasjonen sin under reelle forhold i siste fase.
Gjennom å starte med fleire leverandørar, aukar sjansen for at det blir utvikla ein passande innovasjon. Gjennom å redusere talet gjennom prosjektet, blir kostnadene reduserte.
Når løysingane er ferdig testa, er den førkommersielle anskaffinga ferdig. Den offentlege verksemda har fått laga innovasjonar dei treng, og leverandørane kan selje det dei har utvikla.
Kva meiner vi med innovasjon?
Innovasjonar forstår vi her som nye eller vesentleg forbetra varer, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer eller konsept som blir tatte i bruk for å oppnå verdiskaping og samfunnsnytte.
Kven kan søkje om støtte?
Verksemder i offentleg sektor og samanslutningar av slike kan søkje.
Kva kan de søkje om?
Kvart år lyser vi ut midlar til å gjennomføre førkommersielle anskaffing innanfor ei rekkje ulike tema.
Vi lyser ut støtte til både forprosjekt og hovudprosjekt (sjå faktaboks).
Forprosjekta kan få støtte til å gjennomføre:
- behovsavklaring
- marknadsdialog
Resultata av forprosjektet skal gi eit utgangspunkt for søknad til Forskingsrådets utlysing av støtte til førkommersiell anskaffing eller til EUs utlysingar av støtte til innovative anskaffingar.
Gjennom hovudprosjekta kan de få støtte til å
- laga og lyse ut konkurransegrunnlaget
- evaluere tilboda
- betale for utvikling og evaluering av dei nye innovasjonane
Døme på førkommersielle anskaffingar
Vi støttar fleire førkommersielle anskaffingar. Du kan lese om nokre av desse i prosjektbanken vår:
- Trondheim kommune: Gravefri renovering av vannledninger
- Miljødirektoratet: Automatisk miljøovervåkning ved bruk av Miljø-DNA
- Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen: Tidligere og mer presis varsling av flom
Kvar kan eg lære meir om dette?
Det er mange stader du kan lære meir om førkommersielle anskaffingar:
- EUs nettsider om førkommersielle anskaffingar
- Direktoratet for økonomistyring
- Vårt webinar frå førre utlysing av støtte til førkommersielle anskaffingar
- European assistance for innovation procurement har laga ein FAQ og omfattande rettleiingar om førkommersielle anskaffingar og anskaffing av innovasjon
Våre samarbeidspartnarar
Vår satsing på innovative anskaffelser skjer i samarbeid med Innovasjon Noreg, Direktoratet for økonomistyring og Leverandørutviklingsprogrammet.
- Direktoratet for økonomistyring kan gi informasjon og rettleiing om juridiske spørsmål om innovative anskaffingar.
- Leverandørutviklingsprogrammet gir rettleiing om førebuing og gjennomføring av innovative anskaffing. Dei hjelper blant anna søkjarane som har fått økonomisk støtte til forprosjekt frå oss.
- Innovasjon Noreg gir støtte til ein annan type innovative anskaffingar: Innovasjonspartnarskap.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. desember 2024, kl. 18.20 CET