Spør KI-samtaleroboten vår

Slik behandlar vi opplysningane dine

Her finn du informasjon om retningslinjene våre for offentleggjering og deling av prosjektdata, handtering av innsynskrav og sikring av sensitive data. Retningslinjene byggjer på norsk lov.

Unngå sensitiv informasjon i titlar og samandrag

Vi deler informasjon om innsende søknader og prosjekt med løyving. Når du sender inn ein søknad eller rapporterer til oss, må du vere spesielt påpasseleg med kva informasjon du oppgir i

  • prosjekttittel
  • prosjektsamandraget i søknaden
  • populærvitskapleg samandrag i rapporteringsskjemaet

Du har sjølv ansvar for at sensitive opplysningar og forretningsløyndommar ikkje er lagt inn i desse skjemafelta.

Forskingsrådet deler ikkje sensitive opplysningar anna enn til lovlege formål, til dømes til statistikk og til utgreiings- og forskingsformål.

Der vi behandlar personopplysningar, gjeld personvernerklæringa.

Forskningsrådet er pålagt å dele data gjennom Digitaliseringsrundskrivet. Kva data som kan delast, er vurderte etter Offentleglova, Forvaltningsloven og Verdipapirhandelloven.

Slik varetek vi informasjonssikkerheita

Forskingsrådet varetek informasjonssikkerheita i behandlinga av søknads-, prosjekt- og evalueringsdata med prosjekt- og personidentifikasjon etter følgjande prinsipp:

  • All kommunikasjon mot serverane våre blir kryptert, anten det gjeld søkjarar, rapportørar, fagekspertar eller andre innlogga brukarar.
  • Transaksjonar i eSak-løysinga vår (søkjarportalen Mitt nettsted) er sporbare og knytte til identifiserbare brukarar.
  • Vi praktiserer "need to know"-prinsippet. Det vil seie at berre dei som må ha tilgang til søknadsinnhaldet på grunn av saksbehandlinga, får tilgang.
  • E-post-meldingar som blir sende frå Forskingsrådet skal ikkje innehalde sensitive data.
  • Alle søknadsvedlegg, vurderingsdokument, kontraktar og rapportar blir behandla med konfidensialitet av Forskingsrådet. Søkjarar er ansvarlege for at prosjekttittel, prosjektsamandrag og populærvitskapleg framstilling ikkje inneheld sensitiv informasjon.
  • Alle medarbeidarar i Forskingsrådet har underteikna teielovnad (taushetserklæring). Spørsmål knytte til desse forvaltningsprinsippa kan sendast til Forskingsrådets IT-avdeling på: post@forskningsradet.no.

Informasjon du legg inn i søknaden

For at vi skal kunne behandle ein søknad, må relevante saksbehandlarar, fagekspertar og avgjerdsorgan ha full tilgang til søknaden, inkludert prosjektbeskrivinga. Berre personar som må ha tilgang til fullstendig prosjektinformasjon, får denne tilgangen.

Vi offentleggjer følgjande informasjon om søknader vi har til behandling:

  • prosjektansvarleg organisasjon/bedrift
  • geografisk tilknyting
  • prosjektleiars kjønn
  • prosjekttittel
  • prosjektperiode
  • søkt beløp (ikkje for SkatteFUNN-søknader)

Opplysningane blir gjorde tilgjengeleg i oversikta over søknader til behandling.

I tillegg publiserer vi rådata i Felles datakatalog. Desse rådataa er offentleg tilgjengeleg og kan lastast ned for vidare bruk av organisasjonar og/eller av enkeltpersonar.

Informasjon når prosjekt har fått støtte

Når eit prosjekt er løyvd midlar frå Forskingsrådet, offentleggjer vi følgjande informasjon utover informasjonen som allereie er offentleggjord i samband med søknadsbehandlinga:

Opplysningane blir offentleggjorde i Forskingsrådets prosjektbank.

Når du leverer framdriftsrapport om prosjektet til oss, blir oppdatert populærvitskapleg framstilling og resultat rapporterte via Cristin, publiserte i Prosjektbanken.

Dersom Forskingsrådets løyving utgjer statsstøtte til prosjektansvarleg eller ein prosjektdeltakar (samarbeidspartnar) og tildelinga overstig 500 000 euro, vil informasjon om Forskingsrådets løyving til prosjektet (prosjektansvarleg og samarbeidspartnarar) bli lagde inn i Brønnøysundregistera, Registeret for offentlig støtte.

Informasjonen du oppgir om prosjektets "Virkninger og effektar" i sluttrapporten vil bli offentleggjorde i Prosjektbanken.

Dokumentinnsyn

Alle kan be om innsyn i dokument hos offentlege verksemder som Forskingsrådet. Hovudregelen er at saksdokument, journalar og liknande register er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov.

Opplysningar som er underlagde teieplikt, skal vi halde unna offentleg innsyn. Dette er til dømes opplysningar om nokons personlege forhold og forretningsløyndommar. Vidare kan vi gjere unntak for enkelte opplysningar om forskingsidear og forskingsprosjekt frå offentlegheit.

Vi ber normalt søkjar/prosjektansvarleg om bistand når vi behandlar eit krav om innsyn i eit dokument som kan innehalde opplysningar som skal, eller kan få, fritak frå innsyn. Den endelege vurderinga av kva opplysningar som får fritak frå offentleg innsyn, er det vi som gjer.

Oversikt over sentrale lovheimlar (lovhjemler)

  • Offentleglova (lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd)
  • Forvaltningsloven (lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker).
  • Offentleglova § 3: Hovedregel om offentlighet.

Sentrale unntaksreglar

Offentleglova § 13 jf. forvaltningsloven § 13: Taushetsplikt om

  1. noens personlige forhold, og
  2. tekniske innretninger og fremgangsmåter samt drifts- eller forretningsforhold som det vil være av konkurransemessig betydning å hemmeligholde av hensyn til den som opplysningen angår (forretningshemmeligheter)

Offentleglova § 26, 4. ledd gir Forskingsrådet heimel til å gjere unntak for opplysningar om forskingsidear og forskingsprosjekt, blant anna førebelse forskingsresultat, metodar som blir brukte, finansieringskjelder, meir detaljerte skildringar av framgangsmåtar osb.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. desember 2024, kl. 18.26 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.