Spør KI-samtaleroboten vår

Om Infrastruktur

Forskingsrådets midlar til forskingsinfrastruktur dekkjer alle fag- og temaområde. INFRASTRUKTUR er ein nasjonal konkurransearena som skal bidra til å sikre god kopling mellom finansiering av forskingsinfrastruktur og annan forskingsfinansiering.

Forskingsrådet skal sikre fagleg kvalitet og gjennomføre strategiske vurderingar og vektleggje nasjonale prioriteringar gjennom tildelingane.    

Moderne og oppdatert forskingsinfrastruktur bidreg til høg kvalitet i norsk forsking og moglegheit for samarbeid med dei beste internasjonale miljøa, samtidig som det inspirerer gode studentar til å satse på ein forskarkarriere.

Tidsriktig forskingsinfrastruktur og dyktige forskarar er også viktige for å gjennomføre innovasjonsprosjekt i næringsliv og offentleg forvaltning på ein effektiv måte, og kan bidra til at norske og utanlandske bedrifter vel å leggje forskingsaktiviteten sin til Noreg.

Vi finansierer forskingsinfrastruktur som er nasjonalt viktig

Med dette meiner vi forskingsinfrastruktur som

  • har brei nasjonal interesse
  • kan leggje grunnlaget for å utføre internasjonalt leiande forsking
  • finst eitt eller få stader i landet (som hovudregel)
  • skal gjerast tilgjengeleg for relevante forskingsmiljø og næringar

Dette er forskingsinfrastruktur i Infrastruktur

  • Avansert vitskapleg utstyr og store utstyrsfasilitetar omfattar utstyr innanfor alle fagområde og inkluderer store nasjonale laboratorium, utstyrseiningar og forskingsinstallasjonar.
  • Elektronisk infrastruktur (e-infrastruktur) / datainfrastruktur omfattar utstyr, drift og relaterte tenester for tungrekning, datalagring, programvaresystem og høgfartsnettverk og dessutan verktøy for effektiv arbeidsflyt og programvare for simulering og analyse av data. E-infrastruktur omfattar også digitale register og vitskaplege databasar. I tillegg inngår vitskaplege samlingar som omfattar objekt som er digitaliserte og systematiserte med tanke på vitskapleg bruk.
  • Infrastruktur støttar primært investeringar i nye, og oppgradering av eksisterande, forskingsinfrastrukturar. Driftskostnadene til infrastrukturane skal så langt det er mogleg dekkjast av prosjekt som nyttar forskingsinfrastrukturane. Infrastruktur kan bidra til finansiering av drift av infrastrukturar i ein oppstartsfase, men vil vere restriktiv med å gi støtte til langsiktig grunnfinansiering av drifta til infrastrukturane utover oppstartsfasen. Infrastruktur vil berre bidra med midlar til langsiktig grunnfinansiering av drift utover oppstartsfasen dersom ei rekkje vilkår er oppfylte. Desse vil komme klart fram av den aktuelle utlysingsteksten.

Dette er ikkje inkludert

  • basisutstyr som det er naturleg at fleire forskingsinstitusjonar har
  • forskingsinfrastruktur med ein kostnad på mindre enn 2 millionar kroner
  • investeringar over 200 millionar kroner, med mindre Forskingsrådet tilrår det
  • generering og innsamling av forskingsdata

Meldinger ved utskriftstidspunkt 23. november 2024, kl. 10.34 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.