
Hav og sjømat: dei gløymde pilarane i beredskapsplanen
- Hvor:
Ombord på Statsraad Lehmkuhl, Bradbenken 2, Bergen
- Passer for:
Alle som er opptekne av mat, hav og beredskap - forskarar, næringsaktørar, politikarar
- Pris:
Gratis og ope for alle
Om arrangementet
Havet er ei av dei viktigaste matkjeldene i verda, men gløymt i meldinga om totalberedskapsåret!
Havet er sårbart for klimaendringar, økosystempress og auka utnytting. Havforskingstiåret løftar behovet for kunnskap, innovasjon og berekraftige løysingar som kan sikre at havet framleis kan forsyne verda med trygg, stabil og næringsrik mat. Sunne hav er ikkje berre eit miljømål, det er ein føresetnad for global matberedskap. Utan robuste marine økosystem, moderne havforvaltning og forsking vil framtidas matsystem stå svakare i møte med klima, konfliktar og globale kriser.
Bli med når Nasjonalkomiteen for havforskingstiåret diskuterer vi kva som må til for at fiskeri, havforsking og sunne økosystem får ein like naturleg plass i beredskapen som korn.
Program
- Velkomen – Mette Mila, Forskingsrådets havsekretariat
- Introduksjon til temaet – Johanna Marcussen, Nasjonalkomiteen for havforskingsåret og HI og UiA
- Kva trugar havet og livet i havet? – Christian Jørgensen, Universitetet i Bergen
- Sjømaten si rolle og betydning for matsikkerheit – Bente Torstensen, Nofima
- Samtale om havet og sjømaten si rolle i beredskap med:
- Sverre Johansen, Fiskarlaget
- Thomas Nyløkken, Bergen kommune
- Amund Maage, Havforskingsinstituttet
- Bente Torstensen, Nofima
- Samtaleleiar: Johanna Marcussen
- Avslutning – Nasjonalkomiteen for havforskingsåret
Meld deg på og få oppdatert informasjon om programmet!
Gratis og ope for alle. Velkommen!
Bli også med på vårt andre arrangement under One Ocean Week: Eit hav av data - industri forsking og forvaltning og vegen vidare for eit godt forstått hav.
Frå 12.00 til 13.00, same stad om havdata og havobservasjon.
Arrangørar er Nasjonalkomiteen for havforskingstiåret, Noregs forskingsråd, Nofima, Universitetet i Agder og Havforskningsinstituttet
Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2026, kl. 03.44 CEST