
ERC Synergy Grants 2026 - Webinar
- Passer for:
Forskarar og EU-rådgivarar
- Pris:
Gratis
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Har du ein ny og spennande forskingsidé, men treng hjelp frå andre dyktige forskarar? Då kan ERC Synergy Grants vere noko for deg. Bli med på webinaret vårt for å lære meir.
ERC Synergy Grants lèt to til fire "principal investigators" (PIs) jobbe saman om eit prosjekt i opptil seks år. Norske forskarar har hatt stor suksess med ordninga, og for å få fleire til å delta, arrangerer Forskingsrådet eit webinar om ERC Synergy Grants 26. mai.
Utlysingskoordinator Giuliano Scalzi frå ERC Executive Agency vil gi dei siste oppdateringane om 2026-utlysinga, og professor James Dawson frå NTNU vil dele erfaringa si med å få Synergy Grant til prosjektet "Hydrogen under pressure".
ERC støttar innovative forskingsprosjekt. Av og til er utfordringane så store at ein treng å samarbeide med andre forskingsleiarar. Derfor finst Synergy Grants. Støtta er open for alle fagfelt og er for forskarar på ulike karrieresteg: Starting, Consolidator og Advanced. Ein av forskarane (PI) kan komme frå ein institusjon utanfor EU eller assosierte land.
Du kan søkje om opptil 10 millionar euro, med moglegheit for 4 millionar i tilleggsstøtte.
Søknadsfristen for ERC SyG vil truleg vere i november 2025 for budsjettåret 2026, og utlysinga er venta å opne i juli i år.
Du finn meir informasjon om SyG på ERC sine nettsider. Når utlysinga opnar, vil full informasjon og rettleiing bli lagt ut der. På nettsidene til ERC finn du også informasjon om andre typar søknader.
Webinaret blir halde på engelsk, og er spesielt for forskarar og EU-rådgivarar.
Program
Møtet er digitalt og varer i 1,5 timar. Det startar kl. 10:00.
- Welcome and introduction on the NCPs' support for applicants, Berit Sundby Avset and Per Magnus Kommandantvold
- ERC SyG Call Co-coordinator in the ERC Executive Agency, Giuliano Scalzi, presents the 2025 call
- Professor James R. Dawson from the Department of Energy and Process Engineering, Faculty of Engineering at NTNU, PI in SyG "Hydrogen under pressure," shares his experiences with applying for and obtaining an ERC SyG
- Q&A session
Kontaktpersonar
Meldinger ved utskriftstidspunkt 14. mars 2025, kl. 06.54 CET