Spør KI-samtaleroboten vår
To kvinner diskuterer en problemstilling mens de ser på en laptop
Webinar

Digitalt innspelsmøte: Styrking av forsking på kvanteteknologi i Noreg

Passer for:

Forskarar, Institusjons- og forskingsleiarar, Verksemder med aktivitet eller interesse innan feltet, Interessentar i næringsliv og offentleg sektor

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Ei ny satsing på 70 millionar kroner årleg har som mål å byggje opp solide, konkurransedyktige norske fagmiljø av høg internasjonal kvalitet innan kvantedatabehandling og simulering, kvantesensorar og målingar, og kvantekommunikasjon.

I statsbudsjettet foreslår regjeringa å styrkje forskinga på kvanteteknologi med 70 millionar kroner årleg frå 2025:

«Satsinga skal innrettast slik at det blir bygd opp solide nasjonale fagmiljø av høg internasjonal kvalitet, som vil kunne konkurrere og lykkast på andre arenaer. Tilskot til forskingsinfrastruktur kan inngå i ramma for satsinga.»

«Satsinga er venta å gi ei varig oppbygging av fagmiljø som forskar og underviser på dei tre hovudspora innan kvanteteknologi: kvantedatabehandling og simulering, kvantesensorar og målingar, og kvantekommunikasjon.»

Forskningsrådet har fått i oppdrag av Kunnskapsdepartementet å setje forskingssatsinga ut i livet. Som del av det førebuande arbeidet ønskjer vi innspel frå relevante aktørar i forskings- og innovasjonssystemet til utforminga av satsinga.

Program

Kontakt

Hilde Erlandsen

    Muliggjørende teknologier

Kontakt

Pål Sigurd Malm

    Muliggjørende teknologier

Kontakt

Torgeir Waaga

    Muliggjørende teknologier

Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. desember 2024, kl. 09.41 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.