Senter for Bærekraftig areal- og naturbruk – digitalt innspelsmøte
- Passer for:
Forskningsorganiasasjoner, næringsliv, offentleg sektor, andre
- Pris:
Gratis
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Forskingsrådet inviterer til innspelsmøte om ny senterordning for Bærekraftig areal- og naturbruk for å sikra at senterane i størst mogleg grad svarer på samfunnsutfordringane og får høg nytteverdi for samfunnet.
Me vil invitera norske forskingsorganisasjonar, offentleg sektor, næringsliv og andre til å dela tankar om moglegheiter, behov og utfordringar knytte til temaet Bærekraftig areal- og naturbruk, før søknads- og utveljingsprosessen er i gang.
Dette ønskjer me innspel på:
- Kva tema (kunnskapsbehov) bør me prioritera for å møta utfordringar knytte til areal- og naturbruk?
- Korleis kan sentera gjerast mest mogleg relevante og tilgjengelege for offentleg sektor, norske bedrifter og andre som samarbeidspartnarar?
- Korleis kan me organisera senterane slik at forskingsresultata kjem samfunnet (offentleg sektor, norske bedrifter, organisasjonar og befolkninga elles) til gode?
Arrangementet er berre digitalt.
Me gir maks 3 minutt taletid per innlegg i møtet og det er ikkje ope for å dela presentasjonar (ppt eller liknande).
Me vil oppmoda alle som ønskjer å delta til å setja seg inn i rammene for utlysinga.
Program
- Kort velkommen og info frå Forskingsrådet
- Innspel frå deltakarar
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. februar 2025, kl. 11.03 CET