Informasjonsmøte om maritimt forskingssenter for kunstig intelligens
- Passer for:
Forskingsorganisasjonar, næringsliv, offentlege etatar
- Pris:
Gratis
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Nyleg lanserte Forskningsrådet ei utlysing for etablering av eit maritimt forskingssenter for kunstig intelligens (KI). Målet med senteret er å fremje innovasjon og verdiskaping gjennom auka bruk av KI i den maritime sektoren.
Senteret vil ha ei total-ramme på 75-100 millionar kroner og vare i fem år, med oppstart i 2025. Det skal vere eit samarbeid mellom næringsliv, offentleg sektor og forskingsmiljø. Problemstillingane skal vere relevante for alle typar maritime aktørar og dekkje område som autonomi og, digitalisering, grøn skipsfart og tryggleik til havs.
I samband med utlysinga arrangerer Forskningsrådet eit informasjonsmøte der vi går gjennom hovudpunkta i utlsyinga, og det vil vere høve til å stille spørsmål. Møtet er digitalt.
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. desember 2024, kl. 18.39 CET