Spør KI-samtaleroboten vår
Biovitenskaplig forskning. Kombinasjon av to bilder: Reagensrør og tre forskere på laboratoriet
Webinar

Lansering av nasjonal rapport for fagevaluering av medisin og helsefag (EVALMEDHELSE)

Passer for:

Alle som har delteke i evalueringa, forskingsorganisasjon, næringsliv, offentleg sektor. studentar. Leiarar, forskarar, prosjektleiarar, rådgivarar, studentar osb.

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Fagevaluering av medisin og helsefag har funne stad sidan 2023. Og den nasjonale rapporten blir publisert 8. april 2025.

Målet med evalueringa er å vurdere kvaliteten på forsking innan medisin og helsefag i Noreg. Vi ser også på rammevilkåra for forskinga og kor relevant den er for viktige samfunnsområde. Evalueringa kjem med tilrådingar til institusjonane, Forskingsrådet og departementa.

Dette er den andre evalueringa innan livsvitskap. Fagevaluering av biovitskap (EVALBIOVIT) vart lansert i mars 2024.

Totalt har 68 administrative einingar og 317 forskargrupper vorte evaluerte av tre sektorspesifikke evalueringskomitear og 18 internasjonale ekspertpanel. Leiarane for dei åtte evalueringskomiteane har laga ein nasjonal rapport om medisin og helsefagleg forsking som blir presentert på lanseringsseminaret.

Førebels program: 

  • Velkommen
  • Presentasjon av nasjonal rapport for EVALMEDHELSE ved leiar av den nasjonale komiteen professor Martin Ingvar, KI
  • Korte innlegg frå
    • Prodekan forsking Torstein Baade Rø, fakultetet for medisin og helsevitskap, NTNU
    • Leiar Siri Eldevik Håberg, FHI
    • Direktør forsking, innovasjon og utdanning Erlend Smeland, OUS
    • Prodekan forsking og innovasjon Morten B. Strøm, UiT
  • Panelsamtale og spørsmål

Arrangementet vil foregå på engelsk.

 

Kontaktperson

Hilde Dorthea Grindvik Nielsen

    Helse og offentlig sektor

Meldinger ved utskriftstidspunkt 31. mars 2025, kl. 22.35 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.