
Webinar
Møte om KI-satsinga: Innspel om midlar for samarbeid
- Passer for:
Alle som er interessert i KI-satsinga
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
18. mars kl. 17:00
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Vi inviterer til digitalt møte for å diskutere korleis vi kan dele og bruke kunnskap frå satsinga på kunstig intelligens (KI).
Om ikkje lenge kjem Forskingsrådet til å lyse ut midlar som kan dekkje følgjande oppgåver:
- Etablere eit sentralt kontaktpunkt for kompetanse, nettverk og informasjon.
- Sameine aktørar frå næringslivet, offentleg sektor og samfunnet med forskingsmiljø.
- Promotere Norge som ein leiande nasjon innan kunstig intelligens internasjonalt.
- Arrangere ein årleg nasjonal konferanse.
- Bidra til auka folkeopplysning og informasjonsarbeid.
- Samarbeide med EUs initiativ som AI-factory, AI Gigafactories og ’Apply AI’ for å utnytte felles ressursar og idear.
Program
Velkommen og introduksjon ved Forskingsrådet
Førebudde innlegg
Moglegheit for deltakarane til å komme med innspel
Kvar deltakar får inntil 3 minutt. Vi ønskjer innspel om kva behov som finst og forslag til tiltak som fremjer samarbeid, spreiing og bruk av forskinga.
Oppsummering og informasjon om neste steg
Kontakt oss
Forskningsrådets KI-satsing
Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. mars 2025, kl. 16.21 CET
Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.