Spør KI-samtaleroboten vår
En arm som plukker bær fra en abstrakt grønn form ved en åker
Webinar

Innspelsmøte om porteføljeplan for mat og bioressursar

Passer for:

FoU institusjonar, offentleg sektor og næringslivet

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

Torsdag 9. januar kl. 15.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Vi inviterer til å gi innspel på utkast til porteføljeplan for mat og bioressursar.

Porteføljeplanane er styringsdokument som skal bidra til føreseielegheit for både søkjarar og finansierande departement. Dei er korte og overordna, og blir konkretiserte i ein investeringsplan som blir oppdatert årleg. 

I møtet vil vi gjennomgå mål, prioriteringar og tiltak i utkastet til porteføljeplan. Måla følgjer opp Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, regjeringa sine mål for Forskingsrådet og strategien vår. Dei viser korleis porteføljestyra, kvar for seg og samla, skal setje i verk desse måla. Prioriteringar og tiltak viser korleis porteføljestyret vil prioritere innanfor handlingsrommet sitt.

Deltakarane vil få høve til å gi innspel på planane i møtet. Vi legg ut utkast til plan om lag ei veke før møtet byrjar.

Planen blir lagt fram for Forskingsrådets styre 13. mars 2025.

Les på nettsida vår om Portefølje for mat og bioressursar.

Kontakt

Tina Rebecca Hov-Gylthe

    Mat og bioøkonomi

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 22.25 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.