Innspelsmøte om porteføljeplan for klima og miljø
- Passer for:
FoU institusjonar, offentleg sektor og næringslivet
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
Mandag 7. januar kl. 16.00
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Vi fekk ti nye porteføljestyre ved starten av 2024, som har arbeidd med nye porteføljeplanar.
Vi inviterer til å gi innspel på utkast til porteføljeplan for klima og miljø.
Porteføljeplanane er styringsdokument som skal bidra til føreseielegheit for både søkjarar og finansierande departement. Dei er korte og overordna, og blir konkretiserte i ein investeringsplan som blir oppdatert årleg.
I møtet vil vi gjennomgå mål, prioriteringar og tiltak i utkastet til porteføljeplan. Måla følgjer opp Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, regjeringa sine mål for Forskingsrådet og strategien vår. Dei viser korleis porteføljestyra, kvar for seg og samla, skal setje i verk desse måla. Prioriteringar og tiltak viser korleis porteføljestyret vil prioritere innanfor handlingsrommet sitt.
Deltakarane vil få høve til å gi innspel på planane i møtet. Vi legg ut utkast til plan om lag ei veke før møtet byrjar.
Planen blir lagt fram for Forskingsrådets styre 13.03.25.
Les utkast til porteføljeplan for klima og miljø (pdf)
Les på nettsida vår om Portefølje for klima og miljø.
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. februar 2025, kl. 05.11 CET