Innspelsmøte om porteføljeplan for helse
- Passer for:
Forskingsinstitusjonar, offentleg sektor, aktørar i sivilsamfunn og næringsliv
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
Onsdag 8. januar 2024 kl. 15.00
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Vi fekk ti nye porteføljestyre ved starten av 2024, som har arbeidd med nye porteføljeplanar.
Vi inviterer til å gi innspel på utkast til porteføljeplan for helse.
Porteføljeplanane er styringsdokument som skal bidra til føreseielegheit for både søkjarar og finansierande departement. Dei er korte og overordna, og blir konkretiserte i ein investeringsplan som blir oppdatert årleg.
I møtet vil vi gjennomgå mål, prioriteringar og tiltak i utkastet til porteføljeplan. Måla følgjer opp Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, regjeringa sine mål for Forskingsrådet og strategien vår. Dei viser korleis porteføljestyra, kvar for seg og samla, skal setje i verk desse måla. Prioriteringar og tiltak viser korleis porteføljestyret vil prioritere innanfor handlingsrommet sitt.
Deltakarane vil få høve til å gi innspel på planane i møtet. Her ligg utkast til porteføljeplan for helse datert 20.12.2024.
Planen blir lagt fram for Forskingsrådets styre 6. februar 2025.
Les på nettside vår om Portefølje for helse
- Forberedte innlegg fra Universitets og høgskolerådet (UHR) ved Magnus Løberg
- Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA)
- Legemiddelindustrien LMI, ved Monica Larsen
- Kommunesektorens interesseorganisasjon (KS) ved Henrik Dons Finsrud
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. januar 2025, kl. 00.09 CET