
Innspelsmøte om porteføljeplan for demokrati og global utvikling
- Passer for:
Forskingsinstitusjonar, offentleg sektor og næringsliv
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
Tirsdag 7. januar kl. 15:00
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Vi fekk ti nye porteføljestyre ved starten av 2024, som har arbeidd med nye porteføljeplanar.
Vi inviterer til å gi innspel på utkast til porteføljeplan for demokrati og global utvikling.
Porteføljeplanane er styringsdokument som skal bidra til føreseielegheit for både søkjarar og finansierande departement. Dei er korte og overordna, og blir konkretiserte i ein investeringsplan som blir oppdatert årleg.
I møtet vil vi gjennomgå mål, prioriteringar og tiltak i utkastet til porteføljeplan. Måla følgjer opp Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, regjeringa sine mål for Forskingsrådet og strategien vår. Dei viser korleis porteføljestyra, kvar for seg og samla, skal setje i verk desse måla. Prioriteringar og tiltak viser korleis porteføljestyret vil prioritere innanfor handlingsrommet sitt.
Deltakarane får høve til å gi innspel på planane i møtet. Les utkast til porteføljeplan for demokrati og global utvikling (pdf)
Planen blir lagt fram for Forskingsrådets styre 6.2.25.
Les på nettsida vår om Portefølje for demokrati og global utvikling.
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 28. februar 2025, kl. 10.18 CET
Viktig informasjon
Til utlysingane med søknadsfrist 5. mars kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 fredag 28. februar, måndag 3. mars og tysdag 4. mars kl. 08.00–15.45 og onsdag 5. mars kl. 08.00–13.00.