Helseinnovasjonskonferansen 2025
- Hvor:
Førde, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
- Passer for:
Offentlig sektor, næringsliv, akademia, gründerar, studentar, frivillige aktørar, verkemiddelapparat
- Påmeldingsfrist:
Måndag 3. februar kl. 13.00.
Om arrangementet
Helseinnovasjonskonferansen 2025 er for alle med interesse for innovasjon og verdiskaping i helsesektoren. Dette er ein møteplass på tvers av sektorar; offentlege, private og frivillige aktørar, gründerar, helsepersonell og forskarar, som ønskjer å skape nye løysingar for helsesektoren.
Dei store utfordringane i helsesektoren må vi løyse i fellesskap. Når vi må «redesigne» helsetenestene opnar det for spennande moglegheiter for meir offentleg-privat-samhandling. Vi må legge til rette for at næringsliv, utdanningssektor, kommune- og spesialisthelsetenesta og frivillig sektor kan jobbe i lag i eit verdiskapande samspel.
På konferansen byr vi på mykje relevant innan forsking og innovasjon: panelsamtalar om dei krevjande tinga, gode innlegg om innovative måtar å gjere ting på, nye teknologiske løysingar, bedrifter på stand, spennande prosjekt, gründerbedrifter og ikkje minst: du får bli kjent med mange interessante menneske og miljø. Det vert to dagar med nettverksbygging og fagleg påfyll. Vi set fokus på krafta i samarbeid.
Tema på årets konferanse
- Framtidas helsetenester – gjensidig avhengigheit
- Fleire må med – legge til rette for læring og meistring
- Tenesteinnovasjon – korleis redesigne arbeidsprosessar?
- Teknologi for persontilpassa oppfølging
- Helsedata, datadeling og kunstig intelligens
- Arbeidsbesparande innovasjonar
- Helsenæring – ei nasjonal eksportsatsing
- Helseinnovasjon – tempo, takt og tone
Program og påmelding her: Helseinnovasjonskonferansen 2025
Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. desember 2024, kl. 23.32 CET