Webinar om finansieringsmoglegheiter i Global Health EDCTP3
- Passer for:
Forskarar og forskingsrådgivarar
- Pris:
Gratis
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Noreg er medlem av partnarskapen Global Health EDCTP3 som lanserer årlege utlysingar med finansieringsmoglegheiter for norske forskarar som samarbeider med andre europeiske og afrikanske forskarar.
Global Health EDCTP3 er ein afrikansk og europeisk partnarskap som investerer i global helseforsking gjennom å støtte forsking og kapasitetsbygging for å få bukt med smittsame sjukdommar i Afrika sør for Sahara. Noreg har støtta partnarskapen sidan etableringa i 2003.
I dette webinaret vil du lære meir om korleis Global Health EDCTP3 er strukturert, dets prioriteringar og relevante finansieringsmoglegheiter. Verdifull innsikt i søknadsskriving og konsortiebygging vil også bli delt av forskarar frå norske institusjonar som allereie koordinerer og deltek i igangverande EDCTP-finansierte prosjekt. Partnarskapen vil bli sett i samanheng med dei nasjonale prioriteringane våre og finansieringsmekanismar, og moglegheiter for hjelp frå Forskingsrådet vil bli presenterte.
Webinaret vil vere på engelsk.
Program
09:00 Velkommen
Marianne Jensen, Forskningsrådet
09:05 Norge og Global Health EDCTP3
Marianne van der Wel, Helse- og omsorgsdepartementet
09:10 Global helseforsking: koplinga mellom nasjonale utlysingar og Global Health EDCTP
Karine Kålsås, Forskningsrådet
09:15 Partnarskap i eit breiare perspektiv,
Sofia Anderholm Strand, NCP Helse, Forskningsrådet
09:20 Global Health EDCTP3
TBA, EDCTP Association
09:35 Finansieringsmoglegheiter i 2025
Dr. Lydia Boudarene, Global Health EDCTP3
09:50 Erfaringar frå koordinering av Coordination and Support Actions i EDCTP
Professor Rosemarie de La Cruz Bernabe, Universitetet i Oslo
10:00 Erfaringar frå kliniske studiar finansierte av EDCTP
Professor Thorkild Tylleskär, Universitetet i Bergen
10:10 Spørsmål og svar
10:20 Korleis kan Forskingsrådet vere til hjelp?
Sofia Anderholm Strand, NCP helse, Forskningsrådet
10:25: Oppsummering
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 2. februar 2025, kl. 08.06 CET