Spør KI-samtaleroboten vår
blå bakrgrunn og tynn hvit dubinsformet strek over bildet
Annet

Webinar: Navigating the European Competence Framework for Researchers

Passer for:

Alle som tilbyr eller ønskjer å utvikle karrieretenester for forskarar ved forskingsinsitusjonar. Og dessutan forskarar og avgjerdstakarar frå alle sektorar.

Om arrangementet

Dette er første webinaret i ein serie på fire med fokus på rekruttering av forskarar og karriere. 

Arrangementet blir organisert av ERA Talent og nettverket av samarbeidsinstitusjonar.

Målet er å fremje kunnskapsdeling og beste praksis innan rekruttering og formidling av forskarar og kompetansen deira.

Kva er ResearchComp?

Det europeiske kompetanserammeverket for forskarar (ResearchComp) er eit verktøy laga for å hjelpe forskarar med å forstå og vurdere korleis kunnskapane og ferdigheitene dei har opparbeidd seg kan bli brukte på tvers av sektorar og fag.

ResearchComp hjelper også karriererettleiarar med å utvikle skreddarsydde tilbod og tenester for forskarar.

Desse deltek i praksisnettverket

Universitetet i Siegen (DE), Akademiet for yngre forskarar (NO), Foundation of the Adam Mickiewicz University (PL), Universitetet i Pula (HR), EURAXESS Worldwide, EURODOC, FECYT (ES), ETH Zürich (CH), NAWA (PL), AMPEU (HR) og Noregs forskingsråd (NO)

Meldinger ved utskriftstidspunkt 12. mars 2025, kl. 05.34 CET

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 12. mars. mars kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 10. mars og tysdag 11. mars kl. 08.00–15.45 og onsdag 12. mars kl. 08.00–13.00.