
MSCA Staff Exchanges (SE) – Webinar om tilsette-mobilitet innan forskings- og innovasjonsprosjekt
- Passer for:
Forskarar, leiarar og andre som er involvert i forskingsprosjekt
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Marie Skłodowska-Curie Actions Staff Exchanges finansierer korttidsutveksling mellom sektorar. Målet er å utvikle berekraftige forskings- og innovasjonsprosjekt gjennom utveksling av tilsette.
Målgruppa er internasjonale konsortium som kan bestå av universitet, institutt, næringslivsinstitusjonar, små- og mellomstore bedrifter og andre ikkje-akademiske institusjonar.
- Under webinaret held The Research Executive Agency (REA) ved Aleksandra Shoetz Sobczak eit innlegg om utlysinga.
- Sjølve utlysinga har søknadsfrist 5. februar 2025.
- Webinaret blir halde på engelsk.
Det er fleire årsaker til at det er fint å kjenne til denne ordninga.
- Innvilgingsprosenten pleier å vere gunstig, opp til 25%.
- Vidare er Staff Exchanges heilt tematisk open og bottom-up, og dreier seg i hovudsak om sjølve mobiliteten.
- Mangfaldet i prosjekta er stor, og alle fagområde er velkomne.
Staff Exchanges er eit fint høve til til å kunne byggje nettverk og utveksle kunnskap over sektor- og landegrenser, og leggje grunnen for vidare eller nye samarbeid innan forsking og innovasjon, ordninga er ikkje berre avgrensa til Europa.
Kontaktpersonar
Meldinger ved utskriftstidspunkt 12. mars 2025, kl. 04.44 CET
Viktig informasjon
Til utlysingane med søknadsfrist 12. mars. mars kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 10. mars og tysdag 11. mars kl. 08.00–15.45 og onsdag 12. mars kl. 08.00–13.00.