Spør KI-samtaleroboten vår
En liten asiatisk jente holder armen til en robot
Seminar

Frå gjennombrotsteknologi til marknad – informasjon om støtteordningane til EIC

Hvor:

Digitalt og Noregs Forskingsråd, Drammensveien 288, Lysaker

Passer for:

Forskarar, bedrifter, TTO, forskingsleiarar, innovasjonsrådgivarar og EU-rådgivarar

Påmeldingsfrist:

6 mai 12:00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

Jobbar du med banebrytande teknologi som har marknadspotensial? Det europeiske innovasjonsrådet (EIC) kan vere eit verktøy for å støtte deg på denne reisa.  
 
EIC er Europas leiande innovasjonsprogram for å identifisere, utvikle og skalere opp banebrytande teknologiar og nyskapande innovasjonar. EIC ønskjer at din banebrytande teknologi skal nå marknaden, og dei har verktøy som strekkjer seg frå forsking, via kommersialisering, til skalering. Få norske forskarar og bedrifter søkjer om EIC per i dag. 
 
Dette arrangementet er relevant for forskarar, bedrifter, TTO-ar, forskingsleiarar, forskings- og innovasjonsadministratorar, EU-rådgivarar og innovasjonsrådgivarar.  
 
Michiel Scheffer, presidenten i EIC-styret, vil vere hovudgjesten. Han vil presentere EICs visjon og strategi, medan andre deltakarar frå Europakommisjonen vil gi god informasjon om EIC sine finansieringsinstrument, som Pathfinder, Transition og Accelerator.  
 
Norske forskarar og bedrifter som har søkt om EIC, vil også dele erfaringane sine. 
 
Deltakarar som møter personleg kan booke ein til ein-møte med nasjonale kontaktpersonar (NCP'ar) for EIC-Accelerator (frå Innovasjon Noreg) eller delta på ein spørsmål og svar-seanse om EIC-Pathfinder og Transition for hausten 2024 med Bart Van Caenegem, sektorleiar i EISMEA. Dette går føre seg på ettermiddagen, sjå programmet under.

Det er nødvendig å bestille plass på førehand for denne ettermiddagsøkta. Ta kontakt med Waqar Ahmed (Forskingsrådet) eller Inger Elisabeth Strand Karni (Innovasjon Noreg) for å booke dette.

Dette er eit hybridarrangement. Dei som er til stades i Forskingsrådets lokale i Drammensveien 288, vil kunne melde seg på gratis lunsj etter arrangementet. 

Program

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 07.01 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.