KI-senter – Kva treng og ønskjer norske verksemder?
- Hvor:
Forskingsrådets lokaler, Drammensveien 288 Lysaker
- Passer for:
Søkjarar til KI-senterutlysinga
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
14. mai kl. 10:00
Om arrangementet
Dette er eit hybridarrangement. Du kan også delta digitalt.
Forskingsrådet inviterer saman med NHO og Digital Norway til innspel på forskingsutfordringar som KI-sentera kan svare på slik at dei får høg nytteverdi for nærings- og arbeidslivet – i tide!
Kva KI-tema bør ein prioritere? Korleis kan sentera gjerast mest mogleg relevante for norske bedrifter? Korleis kan vi organisere sentera slik at forskingsresultata kjem norske innovative bedrifter til gode – løpande?
Korleis kan også små- og mellomstore bedrifter komme i posisjon i sentra? Korleis kan vi møte det utviklingstempoet på digitalisering og KI med sentrum som kan vere relevante heile tida? Kva ønskjer de bedriftene at vi skal oppnå gjennom KI-sentera? Korleis vil norske verksemder at KI-sentera skal formast ut?
Alt dette ønskjer vi no innspel på. Vi vil derfor invitere norske verksemder til å involvere seg no, til å dele tankar, ambisjonar og utfordringar før søknads- og utveljingsprosessen er i gang.
Her kan du høyre korleis nokre verksemder tenkjer om dette, komme med eigne innspel og etablere kontakt med andre verksemder og forskingsmiljø med tanke på involvering.
Program
Velkommen og introduksjon
v/ Rebekka Borsch, NHO og Liv Dingsør, Digital Norway
Kva er KI-sentera og korleis er prosessen med søknad og igangsetjing
Anne Kjersti Fahlvik, Forskingsrådet
Slik har Kongsberg nytte av senterdeltaking - og dette meiner vi om KI–sentera
Bjørn Jalving, CTO Kongsberg Maritime, SVP Technology Kongsberggruppen
Ditio har bygd løysinga si på resultat av KI-forsking. Korleis kan KI-sentera skape fleire suksessar som Ditio
Jacob Christian Døskeland, Gründer og CTO Ditio AS
Optoscale har løysingar som overvaker fiskeoppdrett – KI er avgjerande. Korleis bør det ideelle KI-senteret sjå ut
Sven Kolstø, CEO Optoscale
KI og autonomi i maritim sektor
Refleksjon om korleis sameine høgt tempo i utviklinga med den langsiktige profilen på sentera
Oppsummering – informasjon om prosessen vidare
Trond Moengen, Digital Norway og Philip Lorentzen, Forskingsrådet
Mingling og lunsj med fingermat
Kontakt oss
Forskningsrådets KI-satsing
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 04.31 CET