Spør KI-samtaleroboten vår
En person som holder oppe et tre, treet er ment som hjernen til et hode
Webinar

Innspelsmøte om porteføljeplan for banebrytande forsking

Passer for:

Representantar frå forskingsinstitusjonane i institutt- og UH-sektor

Pris:

Gratis

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

For dei ti porteføljestyra som vart utnemnde ved starten av 2024 går no føre seg arbeid med nye porteføljeplanar. Vi inviterer til å gi innspel på utkast til porteføljeplan for Banebrytande forsking. Møtet er for representantar frå forskingsinstitusjonane i institutt- og UH-sektor. 

Porteføljeplanane er styringsdokument som skal bidra til føreseielegheit for både søkjarar og finansierande departement. Dei er korte og overordna, og blir konkretiserte i ein investeringsplan som blir oppdatert årleg. 

I møtet vil mål, prioriteringar og tiltak i utkastet til porteføljeplan bli gjennomgått. Måla følgjer opp Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, målet for Forskingsrådet og strategien vår, og viser korleis porteføljestyra, kvar for seg og samla, skal setje i verk desse. Prioriteringar og tiltak viser korleis porteføljestyret vil prioritere innanfor handlingsrommet sitt. 

Deltakarane vil få høve til å gi innspel på planen i møtet. Innspel kan også ettersendast, men må vere oss i hende seinast to dagar etter møtet. Vi ber om at eventuelle innspel er koordinert på institusjonsnivå. Det vil bli lagt ut eit utkast til plan ca. 1 uke før møtet. 

Utkast til porteføljeplan for Banebrytande forsking

Les på nettsida vår om portefølje for banebrytande forsking.

Kontakt

Harald Holm Simonsen

    Banebrytende forskning

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. desember 2024, kl. 17.44 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.