Digitalt innspelsmøte om nasjonal legemiddelproduksjon og Helse-katapult
- Passer for:
Helsenæringa, offentleg sektor og FoU-miljø innan helse
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
18. januar kl. 08.00
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Vegkart for helsenæringen vart lansert hausten 2023. Som del av oppfølginga har Siva, Innovasjon Noreg og Forskingsrådet fått i oppdrag å:
- Etablere ei nasjonal satsing for legemiddelproduksjon
- Greie ut korleis helsenæringa i større grad kan få nytte av katapult-ordninga, under dette vurdere om det skal etablerast eit eige helse-katapultsenter
I samband med dette oppdraget inviterer vi til eit ope digitalt møte for å få innspel til det vidare arbeidet og oppdraget, som har leveringsfrist i mai 2024.
I dette møtet ber me om innspel frå helsenæringa og andre aktørar som samarbeider om helse på følgjande punkt:
Legemiddelproduksjon: Vi ønskjer særleg å få innspel på korleis verkemiddelapparatet bør organisere støtteordningane sine for best å kunne:
- støtte opp under ei nasjonal satsing for å leggje til rette for auka legemiddelproduksjon gjennom utvikling av både eksisterande og nye produksjonsmiljø
- bidra til at ei satsing på legemiddelproduksjon kan utviklast over tid, i tråd med behovet i næringslivet og samfunnet
- ha internasjonal attraktivitet og bidra til internasjonalt samarbeid
Katapult: Her er det viktig å skilje på behov innan legemiddelproduksjon, helseteknologi og digital helse. Vi ønskjer spesielt å få innspel på:
- kva trengst for at helsenæringa i større grad kan nytte seg av eksisterande katapult-senter (for informasjon om katapult-sentera sjå norskkatapult.no)
- om og korleis eksisterande katapult-senter kan forsterkast for i større grad å bli eit verktøy også for helsenæringa
- om og eventuelt innanfor kva område dagens katapult-senter ikkje gir nødvendig tilbod til helsenæringa
- korleis ein eventuell helse-katapult bør innrettast
Vi ber alle som ønskjer å gi innspel i møtet til å sende ein e-post til karin.oyaas@siva.no innan 16.01.2024.
Ver tydeleg på om du ønskjer å spele inn på punkt i. eller punkt ii, eventuelt begge punkta. Innspela kan ikkje vere lengre enn 4 minutt.
Program
09.00 – 10.15: Innspel til nasjonal satsing for legemiddelproduksjon
10.30 – 12.00: Innspel til helse-katapult
Kontaktperson
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 07.15 CET