
Informasjonsmøte om utlysing - Transport 2050
- Passer for:
Forskingsorganisasjonar, offentleg sektor og næringsliv
- Pris:
Gratis
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
I dette møtet vil vi informere om Transport 2050 - senter for transportforsking, lansert i Nasjonal transportplan.
I statsbudsjettet for 2025 er det sett av midlar til Forskingsrådets nye sentersatsing Transport 2050. Vi lyser ut midlar til opptil tre åtteårige forskingssenter med eit samla budsjett på 24 millionar i året.
I dette møtet vil vi presentere utlysinga og gi eit kort søkjarkurs. Vi kjem til å gå gjennom måla med Transport 2050, og dessutan krav, retningslinjer og føringar som gjeld for utlysinga. Vi avsluttar møtet med minimum 20 minutt til ein spørsmålsrunde.
Meld deg på dersom Transport 2050 kan vere relevant for deg og organisasjonen din å søkje på. Del gjerne møteinnkallinga vidare. Møtet blir halde på norsk.
Kontakt
Meldinger ved utskriftstidspunkt 8. mars 2025, kl. 08.39 CET
Viktig informasjon
Til utlysingane med søknadsfrist 12. mars. mars kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 10. mars og tysdag 11. mars kl. 08.00–15.45 og onsdag 12. mars kl. 08.00–13.00.