
HAVBRUK 2024
- Hvor:
Clarion Hotel The Edge, Kaigata 6, 9008 Tromsø
- Passer for:
Forsking, næringsliv, forvaltning, NGO og andre interesserte
- Påmeldingsfrist:
1. oktober kl. 10:00
Om arrangementet
Havbruk 2024 går av stabelen i Tromsø 22.-24. oktober 2024. Dette er ein konferanse som har funne stad annakvart år sidan år 2000 i eit samarbeid mellom Forskingsfinansieringa til fiskeri- og havbruksnæringa (FHF) og Forskingsrådet. Tema for Havbruk 2024 er «Kunnskap for eit berekraftig havbruk». Programmet er fordelt på plenumssesjonar med ulike nærings- og forskingsrelevante tema, og dessutan parallellsesjonar der forskarane presenterer resultat frå nyare prosjekt. Havbruk 2024 samlar leiarar og medarbeidarar i sjømatnæringa, forskarar, forvaltning og politikarar, og er den største forskingskonferansen for næringa i Noreg. Konferansen er ein svært god arena for å få med deg siste nytt frå norsk havbruksforsking, og gir samtidig moglegheit for å utveksle erfaringar.
Frist for innsending av abstract til dei faglege parallellsesjonane er 21.06.24.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 12. mars 2025, kl. 05.28 CET
Viktig informasjon
Til utlysingane med søknadsfrist 12. mars. mars kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 10. mars og tysdag 11. mars kl. 08.00–15.45 og onsdag 12. mars kl. 08.00–13.00.