Spør KI-samtaleroboten vår
Abstrakte former som er gul, blå og grå
Webinar

Lansering av strategi for vitskapleg publisering etter 2024

Passer for:

Forskingsleiarar, bibliotektilsette, forskarar, studentar, helseføretak, instituttsektor og UH-institusjonar, i tillegg til interesseorganisasjonar som Forskerforbundet.

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

13. desember kl. 08.00

Digitalt:

Arrangementet strømmes

Om arrangementet

I samband med lanseringa av "Strategi for vitskapleg publisering etter 2024", inviterer vi til eit digitalt webinar, der ulike innleiarar vil kommentere tilrådingane og vegen vidare, sett frå perspektivet sitt. Strategien presenterer tilrådingar til forskarar, til forskingsutførande institusjonar, til dei som finansierer forsking og til styresmaktene.   

Det blir no opp til forskingsinstitusjonane å vurdere korleis dei ønskjer å operasjonalisere tilrådingane for å oppnå det felles målet om full open tilgang på veg mot eit ønskt publiseringslandskap.  

Innleiarane vil reflekterer rundt følgjande spørsmål med utgangspunkt i rolla si og institusjonelle tilhøyrsel:   

  • Kva er dei viktigaste stega i retning av eit ønskt publiseringslandskap?   
  • Kva målkonfliktar vil bli mest utfordrande å handtere?   
  • Kva tilrådingar bør prioriterast og korleis vil du ta desse vidare i organisasjonen din?  

Program

Velkommen, Mathilde Skoie (UiO og arbeidsgruppa)  

Presentasjon av innspela og korleis dei er teke i betraktning i strategien

  • Vidar Røeggen (UHR og arbeidsgruppa)  
  • Lars Holden (FFA og arbeidsgruppa)  
  • Pål Bakke (RHFene og arbeidsgruppa) 

Innlegg frå ulike representantar  

  • Forskarsamfunnet, Simen Andreas Ådnøy Ellingsen (NTNU og AYF)  
  • Intresseorganisasjon, Guro Elisabeth Lind (Forskerforbundet)
  • Universitets og høgskulesektor, Tanja Storsul (OsloMet)
  • Instituttsektor, Henrik Urdal (PRIO)
  • Dei regionale helseføretaka, Tove Klæboe Nilsen (Helse Nord RHF)
  • Forskingsfinansiør, Benedicte Løseth (Forskingsrådet)
  • Forhandlingsrådet, Johanne Raade (UiT)

Debatt med spørsmål frå salen

Sluttoppsummering

 

Kontaktperson

Marte Qvenild

    Forsknings- og innovasjonssystemet

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. desember 2024, kl. 18.28 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.